Informasjonsportal for ansatte i Oppland fylkeskommune.
Alle webjournalister i fylkeskommunen har rettighet til å publisere innhold til ansattportalen.
Stort spekter av saker, fra grafisk profil til styringsdokumenter
Prosessplan for styringsdokument.
Åge orienterte om køyreplanen for 2012. Vi diskuterte korleis vi skal leggje opp arbeidet med framlegging av eit budsjett i balanse for 2013. I dette arbeidet må konsekvensane av mulege kutt bli synleggjort og lagt fram for politikarane. Vidare må Rådmannsleiinga strukturere og planleggje opplegget rundt fageiningane sine presentasjonar for FU vedr. faglege og økonomiske utfordringar i 2013. Presentasjonane må vere gjort i FU så tidleg som råd denne våren, slik at grunnlaget for dei politiske rammediskusjonane blir så gode som råd. Vi håpar på ein prosess som kan gi konklusjonar i FU 26. juni 2012.
Åge orienterte vidare om rekneskapsavsluttinga for 2011. Den vil truleg vere tilnærma klar den 15. februar 2012, og skal orienterast om i FU den 28. februar.
Vidare vil vi i god dialog med politisk nivå ha ein gjennomgang av RHP-konseptet denne våren, politikarane har ytra ønske om endra prosess i forhold til tidlegare år.
Ei siste utkvittering av FR-gjennomføringsdokument
- Siste frist for endringsframlegg vil vere tysdag 10.01.12 kl. 09.00.
KS strategikonferanse 2012
Terje orienterte om eit utkast til innspel vedr. dei komande lønsforhandlingane. Rasmus, Anne og Terje vil jobbe meir med denne saka før eit endeleg saksframlegg skal drøftast i neste FU
Grafisk profil OFK
Stig Helge orienterte om dette arbeidet. Ny visjon for OFK må på plass før arbeidet med Grafisk profil kjem for langt.
Kulturnett Oppland
Tone Kolaas arbeider med dette. Ein vil gjennom dette tilbodet få tilgang til ulike arrangement i regi av lag, foreiningar, kommunar osv.
Saker som kan kome i media
Vi tok ein gjennomgang av saker som ev. kan kome i media i næraste framtid.
Arbeidsmiljøundersøkinga
Anne Bostad orienterte kort om fjorårets Arbeidsmiljøundersøking.
Fageiningane vil få tilgang til sine resultat i løpet av veka. Ein meir detaljert gjennomgang vil bli gitt i neste leiarforum
Felles leiarmøte
Saker i ettermiddagens felles leiarmøte vart gjennomgått og diskutert.
Sist oppdatert: 21.03.2012
Publisert: 16.01.2012