Kulturarv

Fagenhet for kulturarv har som hovedarbeidsoppgaver forvaltning av nasjonalt og regionalt verneverdige kulturminner i fylket. Vi fordeler tilskudd til fredete bygninger og anlegg fra Riksantikvaren, fylkeskommunale midler til verneverdige bygninger og tilskudd til museer i fylket.

Kjell Marius Mathisen

Fylkeskonservator
Kjell Marius Mathisen
Tlf: 61 28 92 72
Mob: 412 10 421

Ungdomsskoleelevar møtte arkeologar i arbeid i Grimsdalen

Villreinsenteret på Hjerkinn inviterte 9. klassane ved Dovre ungdomsskole til å delta på eit opplegg i Grimsdalen der vi fekk vite mykje om villreinen og  fekk sjå arkeologar i arbeid med å kartleggje fangstanlegg for rein.


9. klassane ved Dovre ungdomsskole

Heidi Ytse og Espen Rusten tok imot oss i lavoen dei hadde sett opp på førehand. Bålet brann midt i lavoen og i kring teltveggen stod låge benkar dekte med skinn. Vi tok plass og fekk høyre om reinen si historie frå siste istid og til i dag, og om kulturlandskapet i Grimsdalen.

Espen og Heidi demonstrerte tidsløpet ved eit ti meter langt tau der kvar meter var 1000 år. Ei knute markerte kvart tusen-årsskifte. Livet vårt representerte berre 1,5cm ytst på tauet.

9. klassane ved Dovre ungdomsskoleEtter ein felles gjennomgang vart vi delt i 2 grupper.

Ei gruppe gjekk til Barthbua som vart bygd til ære for eller som minne om Sonja Louise og Edward K. Barth. Saman var dei med å kartlegge villreinsfangst i Dovretraktene og Rondane. I Barthbua vart vi vist kart som viste kvar dyregravene låg i Grimsdalen og områda rundt.

Den andre guppa fekk prøve seg med pil og boge. Der skulle ein skyte på ein ”papp-rein”.

Så vart vi delt inn i tre grupper; ei av gruppene var med på å rydde ut ei fangstgrop, den andre gruppa laga eit elektronisk kart av fangstgropa. Den siste var med og såg på utgravinga av ei fangstgrop. Vi bytte grupper, så alle fekk være med på alt.

9. klassane ved Dovre ungdomsskoleDei som heldt på med utgravinga forklarte oss korleis dei kunne sjå kva som var ny jord og kva som kunne vere mange hundre år gammal. Dei forklarte oss òg korleis dei trur fangstgropene vart gravd ut, jordmassen dei kasta til side danne ein ”ring” rundt gropa. Vi såg korleis forma på grava var.

 

 

Å lage eit elektronisk kart over fangstanlegget gjorde vi ved å sette ein målar i bakken, som sendte eit signal til ein boks på ei høgde.  Boksen registrerte signala og danna eit elektronisk kart over fangstgropene.

9. klassane ved Dovre ungdomsskoleEin takk frå oss på 9.trinn for ein fin dag!

 

 

Sist oppdatert: 07.07.2010

Publisert: 07.07.2010

Hildre, Nina