Regionalenheten har ansvar for og arbeider med nærings- og samfunnsutvikling, plan- og miljøoppgaver og strategisk samferdsel.
Fagenheten skal framstå med et ledende kompetansemiljø innen regional næringsutvikling, verdiskapning, miljø og samfunnsplanlegging. Fagenheten skal tilrettelegge for de som ønsker å bidra til økt verdiskapning og omstilling i Opplandssamfunnet.
Fagenheten ledes av Hjalmar Solbjør, assisterende fylkesrådmann, tlf. 61 28 91 64
Representantar for regionale styresmakter i Europa var nylig samla i Fredrikstad der Østfold fylkeskommune var vertsskap for vårens plenumsmøte i komité 1 i AER (Assembly of European Regions).
I forkant av sjølve komitémøtet blei det arrangert eit seminar om EUs landbrukspolitikk (CAP), med tittelen ”The EU Common Agricultural Policy & non-EU member regions - impacts, interactions, perspectives”. Her diskuterte deltakarane korleis CAP påverkar landbrukspolitikken og den regionale utviklinga i land som står utanfor EU. Sjølv om landbruk ikkje er ein del av EØS-avtala, får EUs politikkutvikling også på dette området konsekvensar for Norge og dei andre EFTA-landa.
Det andre temaet for konferansen i Østfold var entreprenørskap og innovasjon – sentrale element i den framtidige kunnskapsøkonomien i Europa og nøkkelen til å kome ut av finanskrisa. Her blei det vist erfaringar og gode eksempel på innovasjonsarbeid innan klima og energi, regional utvikling, distriktsutvikling og utdanning.
Eit gjennomgåande tema var korleis regionane i Europa kan jobbe i fellesskap for å bli høyrt i EU. Gjennom ein organisasjon som AER kan regionane snakke med éi stemme, noko som gjer det enklare å få gjennomslag for viktige synspunkt. Innanfor AER er alle regionar likestilt – i voteringssaker er det éi stemme pr. region. Det betyr at små norske regionar har like stor sjanse for å påverke som store, meir folkerike regionar. For Norge som ikkje-EU-land er det ekstra viktig å bruke dei kanalane ein har, som f.eks. medlemsskapet i AER, til å påverke saker som i stor grad angår norske kommunar og fylkeskommunar. Så langt er meir enn 7000 EU-rettsakter tatt inn i EØS-avtala. Det er mulig å ha innverknad på disse sakene, men då må ein vere tidlig ute, og det er nettopp organisasjonar som AER som kan vere på vakt og engasjere seg på eit tidlig tidspunkt.
Sist oppdatert: 27.06.2011
Publisert: 01.04.2011
Assembly of European Regions (AER) blei etablert i 1985. Det er ein politisk interesseorganisasjon og ein europeisk arena for regionale styresmakter i Europa. 270 regionar i 34 europeiske land er med. AER sine oppgåver er å forsvare regionane sine interesser i dei politiske prosessane i Europa og utvikle interregionale samarbeid.