Irja Frydelund frå Vågå og Klimapark 2469 er på tokt til Arktis saman med ungdom frå 18 europeiske land. Her fortel Irja frå turen.
Hei, her kjem endeleg ei oppdatering. Agendaen her er full frå morgon til langt på natt, så det er stort sett tidleg om morgonen og i korte pauser i programmet at eg har tida til å skrive oppdateringar til å sende ut. Det er viktig å vere til stades og få maks læring ut av opplevingar, program og diskusjonar her, da blir utbyttet størst for alle.
Prøver likevel å sende noko annankvar dag. Eg trudde eg hadde sett imponerande natur, men dette overgår alt anna eg har sett og det meste eg hadde forestilt meg. Ha det bra!
Kva er Arktis? Kva for tyding har eigentleg Arktis for resten av verda? Og korleis blir Arktis påverka av vår aktivitet rundt om på kloden? Dette var berre ein brøkdel av spørsmåla vi kursdeltakarane hadde med oss i sekken da vi møttest i Oslo. Til saman er vi 18 ungdommar frå 10 ulike land, som er så heldige å få bli med på eit skip langs Svalbard for å studere klimaendringar i Arktis. Med oss på turen har vi eit titals forskarar som skal vegleie og kurse oss gjennom veka. Stemninga i gruppa er oppgira og spent.
Mest av alt kjenner eg meg audmjuk og råte heldig, som får lov til å besøke verdas største ufragmenterte naturområde.
Himmelen var blå og klår da vi flaug inn over Svalbard søndag kveld, og for dei fleste av oss var det fyrste gongen vi fekk auge på arktisk område. Gnistrande snø, gigantiske brear og golde, men majestetiske fjellformasjonar var det fyrste synsinntrykket som møtte oss. Verneområda på øygruppa omfattar om lag 65 % av landarealet og 86 % av territorialfarvatnet, og skal dekke eit representativt utval av naturen på Svalbard.
Nå i juni er det hekketid for fuglar, den korte vekstsesongen er på sitt mest intense no, med tanke på blomstring. I Longyearbyen kunne eg gjenkjenne fleire blomar som er vanlege i Jotunheimen, som reinrose, fjellsyre og museøyre. Like ved Universitetet på Svalbard fekk vi dessutan sjå den største skogen på Svalbard – om vi sette oss ned på huk, vel å merke! Alt som finst av større treverk på Svalbard har blitt transportert dit, enten med vinden eller med folk.
Om bord på skipet fekk vi helse på mannskapet, som gjekk igjennom tryggleiksrutinene. Plutseleg sprett ein av dei opp, peikar ut glaset og roper: ”There’s a whale! Whale at our left hand side!” Og alle, mannskap som passasjerar, spring bort til vindauga for å sjå vågekvalen som sprutar vatn opp i vêret kvar gong han rullar seg rundt.
På skipet er det ikkje berre kursdeltakarar og forskarar, men også mange turistar. Såleis får vi moglegheit til å vurdere for oss sjølve kor berekraftig – eller ikkje – denne forma for turisme er. Utover natta blir vi sittande og diskutere dette med nokre av passasjerane, mens sola framleis skin og isbreane gnistrar utanfor. Midnattssola stråler visst ut ein heilt spesiell energi. Den energien skal nok kome godt med når vi skal fordøye alle inntrykka på denne turen!
For i morgon går vi i land i den arktiske villmarka for aller fyrste gong…
Sist oppdatert: 29.06.2011
Publisert: 29.06.2011