Fylkestinget

Fylkestinget er fylkeskommunens høyeste organ, og ledes av fylkesordføreren. Fylkestinget består av 37 valgte representanter. Arbeiderpartiet (17), Senterpartiet (5), SV (2) og Kristelig Folkeparti (1) sitter med makta, mens Høyre (7), Fremskrittspartiet (3) og Venstre (2) utgjør mindretallet.

 

Gro Lundby

Fylkesordfører Gro Lundby (Ap)

Fylkesordførerens kalender

Nye grep i utviklingsarbeidet

Politikarane vil ha både regionalt forskingsfond for Innlandet og eigarskap i Innovasjon Norge.


Felles regionalt forskingsfond for Innlandet vart banka gjennom utan diskusjon i fylkestinget.

Stortinget har vedtatt å etablere sju regionale forskingsfond i Norge frå 2010. Fonda skal styrke forsking, innovasjon og utvikling i regionane. Fylkeskommunane i Hedmark og Oppland har ansvaret for eitt av dei regionale forskingsfonda.

Nasjonalt er det sett av 6 milliardar kroner til regionale forskingsfond. Ei utrekning viser at Hedmark og Oppland får 14,9 millionar kroner av avkastinga i 2010. I samband med etableringa av regionalt forskningsfond vil det bli utarbeidd ei samarbeidsavtale mellom dei to fylkeskommunane.

FoU-midla skal rettast inn mot dei satsingsområda som har størst potensial for innovasjon og nyskaping. I følgje FoU-strategien for Hedmark og Oppland er satsingsområda:

  • Industriutvikling
  • Reiselivssatsing
  • Bioenergisatsing
  • Bioteknologi
  • Kultur- og opplevingsnæringa
  • Informasjonssikkerheit

Målområde vedtatt i FoU-strategien:

  • Auka satsing på FoU i næringslivet
  • Styrking av FoU-institutta og høgskulane i Oppland og Hedmark
  • Etablering av Innlandsuniversitet innan 2012
  • Bygge opp under satsinga på nasjonale ekspertsenter i Innlandet
  • Forsterka samhandling og arenabygging mellom verkemiddelaktørane, FoU-miljøa og næringslivet
  • Auka forsking i offentlig sektor

Program/søknadstyper som kan få midlar frå fondet:

  • Mobiliseringsstøtte: Skal mobilisere bedrifter og offentlege verksemder til å utvikle FoU-prosjekt som kan kvalifisere til støtte i regionale forskingsfond eller andre ordningar.
  • Regionalt brukarstyrte FoU-prosjekt: Skal styrke FoU-aktivitet i bedrifter og offentlege verksemder. Regionale bedriftsprosjekt og offentlege prosjekt kan søkje om midlar frå fondet.
  • Langsiktige kompetanseprosjekt: Skal styrke FoU-miljø innan regionalt prioriterte område. Aktuelle søknadstyper: Regionale forskarprosjekt som skal bidra til ny kunnskap om relevante problemstillingar for det aktuelle regionale forskingsfondet, samt regionale institusjonsprosjekt med formål å styrke forskingsmiljø innan regionalt prioriterte område.
  • Utlysing i nasjonale program: Regionale problemstillingar i nasjonale program. Formålet er å løfte fram problemstillingar av regional relevans på den nasjonale forskingsagendaen.

Aktuelle søkjarar til pengar frå regionalt forskingsfond er høgskulane i dei to fylka, forskingsinstitutta (Bioforsk, Nina, Østlandsforskning og SINTEF Raufoss), regionalt næringsliv og offentleg sektor.

Hedmark og Oppland har eit lite FoU-intensivt næringsliv. Derfor bør ein større del av fondsmidla brukast til mobiliseringsstøtte. I 2010 bør 50 prosent brukast til mobiliseringsstøtte.

Fondsstyret for regionalt forskingsfond

Valkomitéen har foreslått desse kandidatane til fondsstyret for Hedmark og Oppland:

  • Leiar Hjalmar Solbjør , ass. fylkesrådmann, Oppland
  • Nestleiar Kristin Malonæs, direktør Innovasjon Norge, Hedmark
  • Elisabeth Kommisrud, utviklingssjef GENO, Hedmark
  • Jørn Wroldsen, rektor Høgskolen i Gjøvik, Oppland
  • Anne K Fossum, landbruksdirektør, Hedmark
  • Øyvind Frich, dagleg leiar, Oppland

Norges forskningsråds regionale representant har møterett i styret.

Eigarskap i Innovasjon Norge

Fylkestinget gjorde også nødvendige vedtak om fylkeskommunanes inngang på eigarsida av Innovasjon Norge på onsdagens møte. Dette er ein del av forvaltningsreforma, som føreset 49 prosent fylkeskommunalt eigarskap i selskapet.

Det er frivillig for den enkelte fylkeskommune å gå inn som eigar av Innovasjon Norge, men intensjonen er at alle skal med. Eigardelen til Oppland fylkeskommune er sett til 2,58 prosent. Det inneber eit kapitalinnskot på vel ein halv million kroner.

Fylkeskommunen er allereie ein viktig bidragsytar og oppdragsgjevar for Innovasjon Norge, men står utan den påverknaden eit eigarskap gir. Hensikta med reforma er å styrke fylkeskommunen si rolle i det strategiske og samordna arbeidet med næringsutvikling i sin region.

- Dette er positivt. Det gir oss betre moglegheit til å vera ein god utviklingsaktør, sa Kåre Helland (Sp), og håpa på brei oppslutning frå fylkeskommunane. 

 

Sist oppdatert: 09.12.2009

Publisert: 09.12.2009

Wangen, Ingvild Bjørklund