Fylkestinget er fylkeskommunens høyeste organ, og ledes av fylkesordføreren. Fylkestinget består av 37 valgte representanter. Arbeiderpartiet (17), Senterpartiet (5), SV (2) og Kristelig Folkeparti (1) sitter med makta, mens Høyre (7), Fremskrittspartiet (3) og Venstre (2) utgjør mindretallet.
Fylkesordfører Gro Lundby (Ap)
Fylkesordførerens kalender
- Verda kjem tettare innpå oss på godt og vondt. Da er det viktig med gode beredskapsplanar, meiner fylkesordføraren.
Eit einstemmig fylkesting vedtok onsdag ein oppdatert versjon av regionplanen for samfunnssikkerheit og beredskap.Hovudmålet for beredskapsarbeidet er formulert slik:Samfunnssikkerhets- og beredskapsarbeidet skal i størst mulig grad avdekke farer og redusere risiko overfor mennesker, husdyr, miljø og økonomi.
Regionplanen for samfunnssikkerheit og beredskap er ikkje ein beredskapsplan som skal brukast ved ulykker, men ein plan for utvikling av den sivile beredskapen i fylket. Planen skal ikkje erstatte eksisterande beredskapsplanar, men vera eit utgangspunkt for revisjon av kommunale beredskapsplanar, politiet sine redningsplanar og fylkesmannen sin plan for samordningsansvar og kriseleiing.
Fylkesdelplanen for utvikling av sivil beredskap vart utarbeidd første gong i år 2000, etter felles initiativ frå Fylkesmannen og fylkeskommunen. Fylkesmannen har ansvaret for å samordne det regionale beredskapsarbeidet, mens fylkeskommunen er regional planmyndigheit. - Samfunnssikkerheit og beredskap er eit viktig område som må ivaretakast i all planlegging, sa fylkesordførar Audun Tron på fylkestinget. Gunnar Tore Stenseng (Ap) meiner planen må brukast til å pushe på beredskapsarbeidet hos fleire aktørar.- Det er mykje naivitet og lettvint tenking både blant folk og ansvarlege styresmakter, sa Stenseng.
Oppland er det einaste fylket som har utarbeidd ein plan for samfunnsikkerheit og beredskap og risiko- og sårbarheitsanalyse som fylkesdelplan. Behovet for meir samhandling mellom ulike aktørar innan forebyggande samfunnssikkerheit, beredskapsplanlegging og øvingsverksemd er sterkt understreka. Dei viktigaste grepa i planen for meir sivil beredskap blir oppsummert til:
Det fylkestinget nå har vedtatt er ikkje ein hovudrevisjon av planen, men først og fremst ei oppdatering i forhold til nytt lovverk/forskrifter, sentrale føringar, ansvars- og rolleforhold og tiltaksdelen. I tillegg er klimaendringar, bortfall av kritisk infrastruktur (strømsvikt, datasvikt og telefonisvikt) og plandelen i ny plan- og bygningslov særleg vektlagt.
Sist oppdatert: 09.12.2009
Publisert: 09.12.2009
Regionplan for samfunnssikkerhet og beredskapSaksdokument til fylkestingetVedtak i fylkesutvalet 011209