Fylkesutvalget er fylkestingets delegerte organ og fungerer som fylkeskommunens ”arbeidsutvalg”. Fylkesutvalget består av ni representanter. Flertallet består av Arbeiderpartiet (3), Senterpartiet (1), SV (1) og Kristelig Folkeparti (1), mens Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre har en representant hver.
Fylkesordfører Gro Lundby (Ap)
Fylkesordførerens kalender
Fylkesutvalet forventar kompensasjon for meirkostnadene knytta til rv 254, som er ein del av E6-prosjektet Øyer-Tretten.
Nyleg vart det kjent at E6-prosjektet Øyer-Tretten blir heile 250 millionar kroner dyrare enn planlagt. Den økonomiske smellen kjem blant anna av at utgifter til rigg og byggherrekostnader har vore utelatt. På grunn av kostnadssprekken må vegprosjektet behandlast på nytt i Stortinget.
Utbygginga av ny E6 frå Øyer til Tretten omfattar også riksveg 254 med ny Tretten bru og jernbanekryssing. Denne vegen blir fylkesveg frå 1. januar 2010. Kalkuleringsfeilen i prosjektet betyr ei meirutgift på 34 millionar kroner for Oppland fylkeskommune.
På møtet i fylkesutvalet måtte Torbjørn Moastuen frå Statens vegvesen svare på mange spørsmål kring kvifor prosjektet er blitt så mykje dyrare og kvifor feilen ikkje vart oppdaga før.
Eit samla fylkesutval beklager usikkerheita som er skapt om framdrift og gjennomføring av utbyggingsprosjektet gjennom kalkuleringsfeilen som nå er avdekka.
- Dette er ei meget utriveleg sak å få på bordet. Når det er sagt, er eg trygg på at dette fortsatt er eit prosjekt som kan forsvarast. Det er eit nødvendig prosjekt, men det skulle vore rekna på ein annan måte, sa Anne Marie Bagstad Jøranli (Krf).
Nå ber fylkesutvalet om at det så raskt som mogleg blir lagt til rette for at Stortinget kan behandle dei nye føresetnadene som har oppstått. Slik kan prosjektet starte opp og gjennomførast i tråd med vedtatte planar. Fylkesutvalet meiner i utgangspunktet at staten bør dekke alle meirkostnader som er påført prosjektet. Fylkesutvalet sluttar seg til den foreslåtte fordelinga av ekstrakostnadene som Statens vegvesen har lagt fram. Den går ut på at bompengeselskapet forskutterer meirkostnadene med føresetnad om tilbakebetaling i 2014. Utvalet er inneforstått med at andelen på 34 millionar kroner knytta til rv 254 skal dekkast over fylkesvegbudsjettet i denne omgang.
- Det er ikkje artig å få slike tal på bordet i gode prosjekt, sa Ivar Odnes (Sp). Han ville ha sterkare ordlyd i fylkesutvalsvedtaket enn fylkesrådmannen hadde lagt opp til. Det fekk han også eit einstemmig fylkesutval med på.
Etter forslag frå Odnes vedtok fylkesutvalet at dei forventar at sentrale myndigheiter tek ansvar for å kompensere meirkostnadene knytta til Rv 254, slik at overskridinga ikkje rammar andre planlagte fylkesvegtiltak i Oppland.Fylkesutvalet vil ha dialog med statsråden om situasjonen og ber fylkesordføreren etablere ein slik kontakt med tanke på at meirkostnadene skal dekkast av staten og bompengeselskapet.
I tillegg ber fylkesutvalet om at Statens Vegvesen og samferdselsdepartementet tek ein grundig gjennomgang av sine rutiner for utarbeiding og kvalitetssikring av utbyggingsprosjekt. Dette for å unngå liknande hendingar i andre prosjekt.
Sist oppdatert: 29.03.2010
Publisert: 10.11.2009