Fylkesutvalget er fylkestingets delegerte organ og fungerer som fylkeskommunens ”arbeidsutvalg”. Fylkesutvalget består av ni representanter. Flertallet består av Arbeiderpartiet (3), Senterpartiet (1), SV (1) og Kristelig Folkeparti (1), mens Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre har en representant hver.
Fylkesordfører Gro Lundby (Ap)
Fylkesordførerens kalender
Oppland står for ca 2% av Norges totale klimagassutslepp. OFK vil redusere utsleppa og kjøper klimakvotar ved tenestereiser.
- Dette er ei vidareføring av det vi har vedtatt i klima-og energiplanen vår. Det er berre ein fordel at kjøp av klimakvotar nå blir vedtatt, sa Olaf Nils Diserud (Frp) da fylkesutvalet behandla saka.
Ein klimakvote er eit løyve til å sleppe ut eit tonn av klimagassen CO2. Klimakvotar kan ein anten få tildelt frå staten eller kjøpe på den opne marknaden. Ved kjøp av klimakvotar kan ei verksemd både bidra til reduksjonar i EU sin kvotemarknad, samt støtte prosjekt som reduserer utslepp av klimagassar i utviklingsland.
I klima- og energiplanen for Oppland kjem det fram at klimagassutsleppa i fylket var på 1,25 millionar tonn CO2- ekvivalentar i 2005. Oppland fylkeskommune har sett som mål å redusere utsleppa i fylket med fem prosent i løpet av 2012. I 2020 skal utsleppa reduserast med 30 prosent i forhold til landets totale klimagassutslepp i 1990.
Satsing på bioenergi og kollektivtrafikk er to viktige bidrag til den planlagte reduksjonen av klimagassar. Halvparten av utsleppa i Oppland kjem frå vegtrafikken, og fylket har store bioenergiressursar. Eit anna ledd i miljøsatsinga er innføring av kjøp av klimakvotar ved tenestereiser i fylkeskommunal regi. Dette siste tiltaket stemte politikarane i fylkesutvalet einstemmig for på møtet 10. november.
- Dette er tiltak som det er på høg tid at vi set i gang, meinte Kjetil Lundemoen (Ap). Han foreslo at fylkeskommunen gjennomfører ei evaluering av ordninga med kjøp av klimakvotar og leverandør i løpet av 3 år. Også dette vart einstemmig vedtatt.
Fleire aktørar tilbyr klimakvotar til privatpersonar og verksemder i Norge. OFK har lagt vekt på pris og miljøeffekt ved sitt valg av leverandør. Valet fell på EUA-klimakvotar frå Statens forureiningstilsyn. Oppland fylkeskommune går i gang med kjøp av klimakvotar i hht. fylkeskommunens forbruk av flyreiser frå 1. januar 2010.
Kjelde: CO2fokus.no Meir informasjon om klima og klimagassutslepp finn du på Grønn hverdag sine nettsider.
Sist oppdatert: 11.11.2009
Publisert: 10.11.2009
Saksdokument