Fylkesutvalget

Fylkesutvalget er fylkestingets delegerte organ og fungerer som fylkeskommunens ”arbeidsutvalg”. Fylkesutvalget består av ni representanter. Flertallet består av Arbeiderpartiet (3), Senterpartiet (1), SV (1) og Kristelig Folkeparti (1), mens Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre har en representant hver.

Gro Lundby

Fylkesordfører Gro Lundby (Ap)

Fylkesordførerens kalender

Gjøvik videregående miljøsertifisert

Fylkesutvalet var på plass da Gjøvik videregående skole fekk utdelt sitt miljøsertifikat.


Rektor Åse Sletten, Gjøvik videregående skole

Tek miljøansvar

Til stor applaus frå elevar, tilsette og fylkespolitikarar tok rektor Åse Sletten imot miljøsertifikatet frå Gjøvik-ordførar Bjørn Iddberg den 27. oktober.

- Sertifiseringa viser at vi tek miljøansvar. Det er eit viktig signal, sa Sletten.

Den vidaregåande skulen er den første offentlege verksemda i Gjøvik som blir miljøsertifisert. Frå før har seks andre bedrifter/arrangement i kommunen fått ei slik sertifisering.


 

 

Gjøvik-ordførar Bjørn Iddberg overrekker miljøsertifikat til rektor Åse SlettenMindre miljøbelastning

Oppland fylkeskommune skal miljøsertifisere alle dei vidaregåande skulane i fylket. Målet er å oppnå større miljøfokus og redusert miljøbelastning.
 
Betre kjeldesortering av avfall, meir effektiv energibruk og reduserte utslepp av klimagassar står i sentrum.
 
Det er også eit mål å bevisstgjera barn og unge om kor viktig klima- og miljøspørsmål er. Erfaring viser at miljøfyrtårnbedrifter gir mindre miljøbelastning og meir miljøeffektiv drift. Samtidig blir driftskostnadene redusert ved meir effektiv ressursbruk.

I Oppland har miljø blitt sett på kartet av ungdomane sjølve, blant anna gjennom ungdommens fylkestings miljøprosjekt.
 
Fylkesordførar Audun Tron- Det er rett å sjå miljøsatsing i samanheng med satsinga på helsefremjande skule som vi har i Oppland. Blant anna blir elevane oppfordra til å byte ut brus med vatn. Gjøvik videregående skole er ein av dei fremste skulane våre på helsefremjande arbeid, sa fylkesordførar Audun Tron.


To skular sertifisert frå før 

Oppland fylkeskommune har vald sertifisering etter miljøfyrtårn-metoden. Dette er ei nasjonal sertifiseringsordning som blir administrert av Stiftelsen Miljøfyrtårn. For å bli sertifisert må skulane oppfylle visse bransjekrav. Krava går blant anna på arbeidsmiljø, innkjøp, transport og avfall. Sertifiseringa føreset deltaking frå elevane og vil bli knytt til ulike elevaktivitetar.

Logo MiljøfyrtårnTo vidaregåande skular i Oppland er sertifisert frå før: Mesna videregående skole i 2005 og Vinstra vidaregåande skule i 2007. Planen er at alle dei vidaregåande skulane i fylket skal vera sertifisert innan 2013.

Oppland fylkeskommune reknar med å bruke ca 450 000 kroner til konsulentbistand og sertifikat fordelt på åra 2009 og 2010. Pengane er løyvd frå fagavdelingane vidaregåande opplæring og regionalenheten.
 

Sist oppdatert: 28.10.2009

Publisert: 27.10.2009

Wangen, Ingvild Bjørklund