Internasjonal komité

Innlandets strategier skal bygge på videreutvikling av muligheter, særlige kvaliteter og konkurransefortrinn. En av disse strategiene er å styrke det internasjonale samarbeidet. Internasjonal komité består av 7 medlemmer med varamedlemmer og er ansvarlige for dette arbeidet.

EUs grønnbok om utdanningsmobilitet


Europakommisjonen lanserte sommaren 2009 ein open konsultasjon om utdanningsmobilitet. Alle interessentar, styresmakter, organisasjonar og enkeltpersonar blei oppfordra om å kome med synspunkt og innspel til konsultasjonsgrunnlaget.

Kommisjonen ba om kommentarar og eksempel på god praksis innan eit bredt spekter av tema frå alle typar utdanningsmobilitet, men særlig for unge i alderen 16-35 år. Fokus var på mobilitet som har ei eller anna form for læring som formål. Dette kan vere både formell læring innanfor skule- og utdanningssystemet, men også uformell læring som f.eks. Aktiv Ungdom-utveksling. Grønnboka fokuserte mest på mobilitet mellom europeiske land som deltar i EUs utdanningsprogram, men konsultasjonen søkte også å fremme utveksling og kontakt med land utanfor Europa.

Auka mobilitet innan utdanning blir vurdert som svært viktig for Europas kunnskapsutvikling og konkurranseevne. I 2006 reiste ca 310.000 unge ut med støtte frå EU sine program. Dette er berre 0.3 prosent av aldersgruppa 16-29 år i EU. Sjølv om det fins mange program og finansieringsordningar, viser dette talet at det er behov for nye tiltak og incentiv.

Europakommisjonen har som visjon at eit studieopphald, praksis- eller læringsperiode i et anna land skal vere regelen heller enn unntaket. Ein ønsker at slike opphald skal bli ein naturlig del av alle typar utdanningar og at alle unge europearar skal få høve til å delta i utveksling.

Internasjonal komité sette i gang arbeidet med å lage ein høyringsuttale frå Oppland fylkeskommune og valgte Sanna Sarromaa til saksordførar. Komitéen behandla utkast til uttale 17. november. Endelig uttale blei vedtatt av Fylkesutvalget 1. desember.

 

Sist oppdatert: 03.12.2009

Publisert: 10.11.2009