Leder for Internasjonal komité, Sigmund Hagen
I OFK sin internasjonale strategi for perioden 2009-2014 blir det slått fast at: Oppland fylkeskommune skal ha et bredt internasjonalt nettverk og bruke dette aktivt opp mot deltakelse i programmer og finansieringsordninger.
Gjennom bilaterale samarbeidsavtalar kan Oppland fylkeskommune bygge solide relasjonar til andre regionar i eit langsiktig perspektiv. Avtalane er eit fundament for samarbeid på mange ulike fagområde.
Før fylkeskommuna utvider sitt internasjonale nettverk, må ein spørre seg kva ein ønsker å få ut av samarbeidsavtalane og kva OFK har å bidra med inn i eit partnarskap:
I arbeidet med avtalar må det vere fokus på gjensidig nytte, og dermed er det også viktig at OFK klarar å selge seg inn som ein interessant partnar overfor regionar vi ønsker å samarbeide med. Kva OFK kan tilføre ein samarbeidsregion vil sjølvsagt variere, og dette er noko som må diskuterast og avklarast i etableringsfasen.
God faglig og politisk forankring bør vere eit viktig prinsipp for etablering av ein ny avtale. Det bør vere konkrete planar om aktivitet innan minst to fagområde. Den totale avtaleporteføljen bør reflektere eit visst mangfald; geografisk, språklig og kulturelt. Fylkeskommuna sitt arbeid bør til ein viss grad samsvare med nasjonale satsingar og prioriteringar, og OFK bør derfor samarbeide med regionar i land som er viktige samarbeidspartnarar for Norge. Det er naturlig med eit hovudfokus på Europa, men nord/sør-perspektivet må også vere med, og minst ein av samarbeidsavtalane bør vere med ein region i sør.
Internasjonal komité hadde oppe denne saka 9. mars og laga ei innstilling til fylkesutvalget. Fylkesutvalget vedtok dei endelige prinsippa i sitt møte 31. mars.
Sist oppdatert: 02.04.2009
Publisert: 04.03.2009
Saksframlegg internasjonal komité 9. mars
Saksframlegg fylkesutvalget 31. mars
Vedtak fylkesutvalget 31. mars