Gå til søk
Gå til sidens innhold
Gå til kontaktinformasjon


Kulturvern

Fagenhet for kulturvern har som hovedarbeidsoppgaver forvaltning av nasjonalt og regionalt verneverdige kulturminner i fylket. Vi fordeler tilskudd til fredete bygninger og anlegg fra Riksantikvaren, fylkeskommunale midler til verneverdige bygninger og tilskudd til museer i fylket.

Dagfinn Claudius
Fylkeskonservator
Dagfinn Claudius leder fagenheten.

Telefon: 61 28 93 72

Kulturhistoria til Oppland

Her følgjer ein kortversjon av Oppland sin kulturhistorie. Teksten er hentet fra vedleggshefet til fylkesdelsplan for kulturminnevern 2002 - 2005 og er utarbeidd av fageining for kultuvern i Oppland fylkeskommune. Det er gjort mindre tilføyingar etter dei siste års arkeologisk gransking.


Frå steinalder til nåtid
 
I det følgjande vil det bli gitt eit stutt kulturhistorisk oversyn, først og fremst relatert til kulturminna i fylket. Periodene er inndelt i eldre steinalder, yngre steinalder, bronsealder, jernalder, 16- 1700- tallet og 18-1900-tallet. Se lenker til høyre for å lese om de ulike periodene.
 
Eldre steinalder 8000 - 4000 f.Kr
 
I ca 100 000 år var den nordlege delen av Europa dekt av is. For 15 000 år sidan tok isen til å trekke seg attende. Avsmeltinga skjedde ujamt og isfronten hadde fleire store framrykkingar. Omkring 8000 f. Kr. vart  innlandet og dei lågare delane av Oppland isfrie. Rundt 7000 f.Kr. var heile landet isfritt. Samstundes med at isen gradvis vart borte, tok dyr og plantar til å etablere seg - menneska trakk etter. Dei første menneska som kom til Norge var eit kystbasert folk.
 
Aursjøen i Lesja. Her er det registrert mange buplassar frå eldre steinalder. Foto: Irene Skauen Sandodden.Fram til 1950-talet hadde vi liten kunnskap om omfanget og utbreiinga av buplassar frå steinalderen i innlandet og Oppland. Dei første systematiske registreringane var i samband med vassdragutbyggingane i høgfjellet på 1960-talet. Det vart funne buplassar ved ei rekke vatn og vassdrag. På enkelte av buplassane vart det gjort arkeologiske utgravingar, m.a. ved Tyin heilt vest i fylket. Heilt fram til 1980-åra har ein i utforskinga av dei eldste spora etter menneska i Sør-Norge meint at buplassane i hovudsak var å finne ved kysten og i høgfjellet, og at områda mellom ikkje var særleg viktige. Spesielt la ein vekt på utnyttinga av sjøpattedyra ved sjøen og reinen i høgfjellet. I samband med utbygginga av Dokkavassdraget på 1980-talet vart det gjort omfattande arkeologiske undersøkingar ved vatnet Dokkfløy i Gausdal. Det vart m.a. funne ei rekke buplassar frå eldre steinalder. Undersøkingane viste at også dei skogsområda som ligg lågare kunne vere attraktive for steinaldermenneska. Ved Rødsmoen i Åmot kommune i Hedmark er det påvist og undersøkt tufter i form av grophus som kan daterast til eldre steinalder. Sommaren 1999 vart det registrert og undersøkt ei slik tuft like ved Leira i Nord-Aurdal. Vi må kunne vente å gjere ei rekke nye steinalderfunn i Oppland i åra som kjem.
 
På Vesleøya utafor Fagernes, ligg ei lita groptuft frå steinalder. Foto: Irene Skauen SandoddenSteinalderbuplassane er svært sjeldan synlege på markoverflata og det er ofte nødvendig med nitidige og systematiske registreringar for å finne dei. Dei fleste buplassane vi kjenner, utanom dei som er registrerte som følgje av større utbyggingar, er funne tilfeldig ved at det er funne avslag og pilspissar, eller kanskje til og med ei steinøks. Råmateriala kan vere lokale, som kvarts og skifer, men det er også ei rekke gjenstandar som vitnar om import. Ved Dokkfløy finn vi m.a. flint frå kysten og lærdalskvartsitt (trass i at det også vart brukt lokal kvartsitt). Ofte er det berre steinmaterialet som finst att på buplassane.
 
Dei eldste sikre spora vi har etter menneske i Oppland er frå Dokkfløy i Gausdal der det er funne rundt 67 buplassar frå ulike delar av steinalderen. Dei eldste er frå omkring 7000 f. Kr. Det er også gjort arkeologiske undersøkingar av buplassar ved Tyin og Sulevann i Vang. Mykje tyder på at desse buplassane er frå same perioden. I andre delar av fylket er det gjort få eller ingen undersøkingar som kan gi grunnlag for sikre dateringar. Men det er ingen grunn til å tru at dei undersøkte buplassane er eineståande. Vi kjenner berre fragment av den eldste busettinga i fylket.   
 
Jakt, fangst og fiske har vore den viktigaste næringskjelda for menneska. I så måte må Oppland ha vore eit eldorado med rik tilgang på fisk og vilt. I fjellområda fanst det godt med rein og i skogsområdene elg og andre pattedyr. Gjennom dei arkeologiske undersøkingane kan vi danne oss eit bilete av kva for ressursar som har blitt utnytta i ulike område. Frå Dokkfløy veit vi at menneska åt elg og bever. Ut frå beinmaterialet kan vi slutte at jakta må ha skjedd i sommarhalvåret, frå slutten av april til oktober/november.
 
Dei første menneska som budde i Oppland var truleg nomadar. Sannsynlegvis hadde dei ein større basisbuplass, med mange mindre buplassar knytte til utnyttinga av ulike ressursar og ulike årstider. Om sommaren trekte kanskje nokon opp i fjella for å fiske og jakte på reinsdyr, mens andre utnytta dei store elgtrekka nede i dalane, slik som ved Dokkfløy. Somme lokalitetar kan være restar etter lengre opphald, andre er slakteplassar, mens nokre kanskje berre er rasteplassar. Truleg har dei levd i mindre flokkar, men stundom kome saman i større grupper.
 
Dei største buplassane finst ofte i område der det har vore god og stabil tilgang på ressursar. Ved Vålåsjøen på Dovrefjell er det registrert ei rekke buplassar. Buplassane ligg i eit område der reinen hadde dei årlege vandringane sine mellom vinter- og sommarbeite, mens buplassane ved Dokkfløy ligg ved eit stort elgtrekk. Det synest som om steinaldermenneska ved val av buplass også har lagt vekt på faktorar som god utsikt, nærleik til vatn, tilgang til brensel, tørr grunn og sol. I tillegg har nok religiøse førestellingar og tru hatt ein del å seie for val av buplass.
 
Det er vanskeleg å kome nær dei første menneska som levde i Oppland. Det som i dag finst att, er for det meste gjenstandar (og avfall) av stein. Men i helleristningane har vi ei viktig kjelde som truleg kan fortelje noko om tru og førestellingar. I Oppland er det kjent fem helleristningsfelt frå eldre steinalder:
 
  • Møllerstufossen, Nordre Land
  • Dokkfløy, Nordre Land (like ved grensa til Gausdal)
  • Drotten, Lillehammer
  • Eidefossen, Nord-Fron
  • Glemmestadsteinene, Østre Toten

 

Helleristningane avbildar i hovudsak elg. Slike ristningar blir kalla veideristningar. Svært ofte ligg slike ristningar ved rennande vatn – kanskje var denne plasseringa viktig. Ristningane ved Dokkfløy og Møllerstufossen er lagt ved sentrale trekkruter for elg. Kanskje avbildar figurane dyr dei ønska å fange, eller dei er ein takk til ein guddom for vellykka fangst/jakt.
 
I tid spenner eldre steinalder over ca. 4000 år. Klima, religion, næringsgrunnlag, tregrenser og busetjingsmønster har truleg endra seg fleire gonger. Vi veit ennå lite om denne første kulturhistoriske perioden.
 
 
 
Yngre steinalder 4000 - 1800 f.Kr
 
Ei viktig kulturhistorisk endring skjedde i Norge rundt 4000 f. Kr. - innføringa av jordbruket. Dei første spora finst i Østfold. I tidsrommet fram til ca. 2900 f. Kr. spreidde jordbruket seg til det som i dag er dei sentrale jordbruksbygdene i Sør-Norge. Det er i løpet av dette tidsrommet dei første jordbrukarane etablerte seg i Oppland. Det første jordbruket var eit svedjejordbruk. Dette var ei ekstensiv dyrkingsform som kravde stadig nye areal. Denne nye forma for arealutnytting har derfor truleg raskt endra miljøet i busetjingsområda. Dei første bøndene dreiv i all hovudsak med husdyrhald, kombinert med jakt og fiske. Etter kvart tok dei også i bruk areala til korndyrking, først og fremst i dei sentrale jordbruksområda. Men framleis har nok jakt og fangst vore den viktigaste, og kanskje eineste næringa for mange.
 
Dei første bøndene brukte store steinøkser for å hogge og kultivere skogen. Også andre typar reiskapar av flint og andre bergartar er karakteristiske for denne perioden, m.a. stridsøkser,  køller og sigdar. Det er funne ei rekke slik gjenstandar i Oppland, først og fremst i dei mest sentrale jordbruksområda i dei ulike regionane. Område som Toten og Hadeland står i ei særstilling med mange funn. Frå pollenanalysar ved Øverbymarka i Gjøvik finn vi at dei første teikna til kultivering av området finst frå omkring 3500 f.Kr. Spora tyder på at området er rydda for skog (brennesle og bokkveite). Om dette har vore til beite eller for å dyrke korn, vet vi ikkje. Først 1100 e. Kr. finn vi sikre spor etter jordbruk i Øverbymarka i form av pollen av korn.
 
Bronsealder 1800 - 500 f.Kr
 
Rundt 1800 f. Kr. kom bronsen til Norge. Det er berre funne ca. 700 bronsegjenstandar i heile Norge, dei aller fleste er frå dei sentrale jordbruks­områda. Til samanlikning kan det nemnast at det i Danmark er funne eit titals tusen gjenstandar. I Oppland er det gjort meir enn 59 funn, og fylket utmerker seg i så måte som eit innlandsfylke med relativt mange funn. Dei mest vanlege bronsegjenstandane er økser, dolkar, sverd, celtar, knivar og ulike typar smykke og draktutstyr. Gjenstandane er ofte tolka som gravgaver eller som depotfunn der gjenstandane er blitt lagde ned som ein del av ein rituell seremoni. Dei fleste funna i Oppland kjem frå Hadeland, Toten og Valdres, men også i Gudbrandsdalen er det gjort enkelte funn.
 
Samfunnet på denne tida er ofte omtala som høvdingedømme. Det økonomiske grunnlaget var jordbruk og handel med skinn og pelsverk. Bronsegjenstandane blir ofte sette i samanheng med ein økonomisk maktelite i dei beste jordbruksbygdene, der gjenstandane blir sett på som eit middel til å legitimere den sosiale prestisjen eller posisjonen til denne eliten. Det har truleg vore eit stratifisert samfunn der eliten var avhengig av bronse for å markere sin status og for å halde på si politiske rolle i samfunnet. Frå andre delar av landet veit vi at dei gravla spesielt utvalde personar (høvdingar, familieoverhovud, religiøse leiarar?) i store gravrøyser. Vi har få slike i Oppland.
 
I stor grad blir likevel kulturen ført vidare frå yngre steinalder der jordbruk og/eller jakt/fangst var næringskjelder, og der reiskap av stein var vanleg. Men gjennom pollenanalysar ser vi at stadig fleire område vart tatt i bruk til beite og dyrking. Det skjede ein ekspansjon ut i brukbare skogs- og fjellområde. Enkelte meiner at seterbruket har røtene sine attende i denne perioden. Ved Dokkfløy, eit område som i dag må reknast som perifert, veit vi at folk tok til å dyrke korn i bronsealderen.
 
Ein av dei tilhogde stokkane frå sperregjerdet mellom fangstgropene i Snertingdalen. Foto: Per Kristenstuen.Snertingdalen i Gjøvik, like ved Lundsetra, er det funne restar etter sperregjerde av tre i ei myr mellom fangstgroper for elg, kor gjerdet er datert heilt tilbake til eldre bronsealder, BC 1600-1265 (dvs f.Kr).
 
Ei funngruppe som ofte blir sett i samband med den auka agrare verksemda er skålgropsteinane. Skålgroper er runde, små groper som er rissa inn anten i fast fjell eller i lause steinblokker. Skålgropa er blitt bonden sitt symbol, og blir gjerne sett i samanheng med fruktbarheitskult. I Oppland kan skålgroplokalitetane delast inn i to topografiske område: flatbygdene ved Randsfjorden og Mjøsa, og fjellbygdene i Valdres og Øvre Gudbrandsdalen. 
 
Jernalder 500 f.Kr - 1030 e.Kr
 
Slagg fra utvinning av jern i eldre jernalder. Foto: Irene Skauen SandoddenRundt 500 f. Kr. vart jernet kjent i Norden. Dei første sikre spora etter sjølve framstillinga av jern i Norge er kjent frå tida rundt Kristi fødsel. Da tok dei til å utnytte myrmalm til jernutvinning. Å framstille jern av myrmalm er ein prosess som krev mykje arbeid og tid. Det er gjort arkeologiske undersøkingar på ei rekke jernvinneplassar i ulike delar av fylket. Dei mest omfattande undersøkingane er frå Dokkfløy i Gausdal. Eit gjennomgåande trekk frå denne undersøkinga er at det har vore ei intensiv jernutvinning rundt 200 – 600 e. Kr og i perioden rundt 1050 – 1350 e. Kr. Hovudtyngda av dei anlegga som er kjende i Oppland finst i Gjøvik, Gausdal, Land og store delar av Valdres. Men vi tek også til å finne mange slike anlegg andre stader i fylket, m.a. på Totenåsen.
 
Dei siste fem år, fram til 2006, er det gjort mange undersøkingar av jernvinneanlegg på Tyinkrysset og Beitostølen. Undersøkingane syner regionale forskjellar. I Snertingdalen i Gjøvik er det dateringar frå jernvinne heilt tilbake til førromersk jernalder (500 f.Kr - Kr.f).
 
Fangstanlegg for rein i lille Skjervedalen, Lesja. Murte dyregaver og ledearmer. Foto: Irene Skauen Sandodden.Vi ser også mange spor etter omfattande fangstsystem for elg og rein frå denne perioden.  Dei største fangstsystema for elg er først og fremt lokaliserte i Gausdal og Land,  men også i delar av Gudbrandsdalen er det funne omfattande system. Det er også mange store fangstanlegg for rein i Oppland, og Nord-Europas største ligg i Dovre. Dei store anlegga må ha kravd så mykje folk at det er naturleg å meine at enkelte har hatt dette som si viktigaste inntektskjelde. Bygginga av fangstgraver var arbeidskrevjande og kravde mykje vedlikehald. Denne jaktforma vart derfor truleg først tatt i bruk da folk vart bufaste, truleg i løpet av jernalderen. På Dokkfløy er enkelte fangstgroper daterte til rundt Kristi fødsel.
 
Skremmepinnar på fonn ved Lomseggen.Dei siste års snøsmelting har gjeve mange funn frå breear nord i fylket. Funna syner at det var sperregjerde av tre på breeane, såkalla skremmepinnar. Kring brekanten kan det være bågåstøer, kor gjegarene kunne gjømme seg for reinen.
 
Utmarksressursane har nok hatt mykje meir å seie for menneska og samfunnet enn ein før har meint. Utnyttinga av utmarksressursane i Oppland har vore svært omfattande. Det er all grunn til å tru at det i delar av jernalderen vart eksportert både jern og fangstprodukt fra Oppland, og at desse produkta har vore viktige både økonomisk og politisk.
 
 
 
 
 
Gravhaug på Hausåker i Vestre Slidre. Foto: Irene Skauen SandoddenDei mest kjende kulturminna frå jernalderen er gravene. Jernaldermenneska har hatt mange måtar å gravlegge dei døde på, og ein av dei mest spektakulære er gravhaugane. Dei fleste vart truleg aldri lagt i ei grav som i dag er synleg. Mange vart brende og lagt i det vi kallar flatmarksgraver. Nokre fekk også meir uvanlege gravformer, slik som steinringane. I alt åtte slike er kjende i fylket. Nokre er gravlagde i enkeltliggande graver, mens dei aller fleste er gravlagde på større og mindre felt. Det største gravfeltet i Oppland er Eingangfeltet i Vestre Slidre. 
 
Det var relativt vanleg at den døde fekk med seg gjenstandar i grava. Gjenstandane kunne både vere personleg utstyr som smykke, knivar, spinnehjul og våpen, men også reiskap som økser, vevlodd, fiskesøkker, smedutstyr, hesteutstyr osv. Dette gjer derfor gravene til ei av de viktigaste kjeldene vi har til å bli kjende med dei førhistoriske menneska. Vi kan nemne kvinnegrava på Gihle, Østre Toten, og dei to gravfunna frå vikingtida som vart gjort på Lesja sommaren 1999.
 
Bygeborgen Hamre som ligger på vestsida av Slidrefjorden i Vestre Slidre. Borgen har vegger av stein og utnytt den bratte skrenten ned mot fjorden. Foto: Irene Skauen Sandodden.Det er ei rekke kjelder som vitnar om tider med ufred. Både dei mange våpna i gravene, og bygdeborgene er tolka som eit behov for å forsvare seg. Kven dei skulle forsvare seg mot, veit vi ikkje. Mot slutten av jernalderen vart også truleg de første vetene bygde, altså varslingssignal om ufred.
 
Dei eldste historiske kjeldene vi har om Oppland er frå midten av 800-talet. Desse omtalar namngitte personar som Gudbrand herse den eldre. Likevel har vi ei skriftleg kjelde som er eldre, nemleg runene. Einangsteinen er ei av de eldste runeinnskriftene vi har i landet, og kan truleg daterast til 200 e. Kr.
 
 
 
 
Mellomalderen 1030 - 1537 e.Kr
 
Rikssamlinga skjedde ca. 900, og kristninga av landet ca. hundre år seinare. Med dette var det etablert ei sterk sentralmakt som kan sporast i mange av kulturminna frå mellomalderen, først og fremst i kyrkjevesenet, i kommunikasjonsårene og i forsvarsstellet.
 
Det som skil mellomalderen frå tidlegare tidsbolkar er kristninga av landet som først og fremst skjedde under Olav den Heilage. Det viktigaste området i Oppland knytt til kristninga er Hundorp, men i dette området er det også mange førkristne kulturminne.
 
Dei første kyrkjene som vart bygde etter kristninga var alle stavkyrkjer. Alle dei tidlege stavkyrkjene er nå borte. Dei ni stavkyrkjene som finst i fylket i dag er alle bygde på 1100- og 1200-talet. Men fleire av desse er bygde på same staden som det tidlegare har stått eldre kyrkjer, og der det også i førkristen tid har stått heidenske hov. Eit døme på dette er Ringebukyrkja. 
 
Søsterkyrkjene på Granavollen. To steinkyrkjer frå mellomalder. Foto: Irene SandoddenDei mellomalderske steinkyrkjene er bygde utover på 11-, 12- og 1300-talet. Det finst ennå att ein del av det opphavlege inventaret i mange av mellomalder-kyrkjene, sjølv om mange vart øydelagt ved reformasjonen, og mykje er sendt til dei sentrale musea. Spesielt finst det att mange mellomalderske døypefontar i kleberstein. 
 
 
 
 
 
Teikning som syner mønsteret på Vangsteinen. Biletsteinen er truleg lagd tidleg på 1100-talet.Eit spesielt monument frå mellomalderen er Vangsteinen, ein biletstein frå 1000-talet. Denne kan ha vore knytt til religionsutøving. Elles finst det ein del runeinnskrifter frå denne perioden, som på steinar (t.d. på Vangsteinen), eller rissa inn i stavkyrkjene.   
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Steinhuset ved Granavollen, eit av få profane hus i stein frå mellomalder i Oppland.Det finst to profane mellomalderbygningar i stein i fylket. Det eine er det såkalla Steinhuset på Granavolden frå 1200-talet. Dette er meint å vere ein del av det gamle prestegardsanlegget her. Det andre er ein steinkjellar på Hof prestegard på Toten. Begge høyrer altså til prestegardar og er såleis også knytte til sentralmakta i landet.
 
Viktig for sentralmakta var å etablere og sikre eit visst kommunikasjonsnett. I Oppland i mellomalderen var det først og fremst eit vegnett. Viktige mellomalderske vegar var veglina mellom Oslo og Bergen over Hadeland, gjennom Valdres over Filefjell, og vegen mellom Oslo og Trondheim over Dovrefjell. I tilknyting til vegane både over Filefjell og over Dovrefjell vart det bygd kyrkjer (St. Thomaskyrkja på Filefjell og Øysteinskyrkja på Dovrefjell). Og for å sikre ferdsla over Dovrefjell bygde kong Øystein fjellstover eller selehus. Vegen over Dovrefjell hadde også ein viktig funksjon som pilegrimsveg til Nidaros.
 
Ein annan viktig funksjon for sentralmakta var å drive forsvaret. Av reine forsvarsverk frå mellomalderen er det ikkje kjent nokon i Oppland, men Steinsholmen i Mjøsa ved Ringsaker hadde også funksjon i forhold til Oppland. (Bygdeborgene er eldre.) Det gamle varslingssystemet med vardar kan vere frå denne perioden eller tidlegare.
 
 
Sentralmakta ytra seg også ved at det vart etablert ein del kongelege ombodsmenn forlena med gardar frå kongen. Blant dei mest kjente av desse gardane er Tofte på Dovre og Sandbu i Vågå.
 
Når det gjeld den private næringsutøvinga i mellomalderen, så var denne først og fremst knytt til jordbruk og fangst. Svært mange av gardane i fylket går attende til mellomalderen, og på mange gardar kan det ennå finnast spor av den mellomalderske tunstrukturen. Det er gjort arkeologiske undersøkingar av eit par mellomaldergardar i Fåberg i Lillehammer. Det er få hus frå denne tida som har overlevd. Utanom dei to steinhusa finst det 12 trebygningar frå mellomalderen. Eitt av desse er eit våningshus (på Leirhol i Vang). Resten er loftsbygningar.
 
Ved sida av jordbruk var fangst og fiske viktige næringsvegar i Oppland i mellomalderen. Såleis finst det mange kulturminne etter fangst i fylket, først og fremst etter fangst av villrein, men også etter fangst av elg og andre dyr. Nord-Europas største anlegg for fangst av rein finst på Dovrefjell. Dette kan ha vore knytt til den gamle fjellstua på Hjerkinn.  Fleire store massefangstanlegg finst i Rondane (det største på Einsethøa i Grimsdalen). Eit stort anlegg for elgfangst vart funne ved Dokkautbygginga. Fleire elgfangstanlegg er kartlagde i Gudbrandsdalen.
 
Anna næring knytt til skog og utmark i mellomalderen var jernutvinning, kolbrenning og tjørebrenning. Spor av dette finst i form av kol- og tjøremiler, og spor etter jernblæstring. Det viktigaste jernvinneanlegget som er kartlagt i Oppland er ved Dokkfløy. Men slike anlegg finst også mange andre stader i fylket, t.d. i Gudbrandsdalen, Valdres og Snertingdalen.
 
Både reinsfangst og jernvinne hadde i visse område så stort omfang at det kan seiast å ha hatt ein industriell dimensjon.
 
Det fanst også eit par former for steinindustri alt i mellomalderen i Oppland. Den eine var knytt til produksjon av gryter og kar i kleberstein. Dette skjedde spesielt på Lesja og i Sel. Den andre var knytt til produksjon av kvernsteinar og skjedde spesielt i Tolstadkvernberget i Vågå. Begge desse tiltaka forsynte eit større område med produkt.
 
1600 - 1700-talet
 
Denne perioden var prega av ei sentralmakt, kongen, som sat langt borte og gjorde seg lite gjeldande. Det skjedde likevel ein del viktige ting ut frå denne sentralmakta. Vegane vart utbetra utover på 1700-talet slik at dei kunne køyrast med hest og kjerre. Dette gjeld t.d. vegen over Dovrefjell, og ”Den trondhjemske kongeveg” på vestisda av Mjøsa. Kongen sette også i gang nye næringar i denne perioden, først og fremst bergverka. Lesja jernverk vart starta nå, likeins koparverket på Sel og gruvene på Hadeland. Men også glasverka kom i gang på 1700-talet, t.d. på Hadeland og andre stader.
 
Tretten kirke i Øyer. Tårnet er tatt ned. Foto: Irene Skauen SandoddenSom følgje av Den store nordiske krigen selde kongen rundt 1720 mange av dei gamle kyrkjene til bøndene. Dette førte spesielt i Gudbrandsdalen og Valdres til ei stor nybygging av kyrkjer utover på 1700-talet, helst i form av lafta krosskyrkjer. Denne kyrkjebygginga skapte ein stor ny marknad for folkekunst, og spesielt treskurd hadde ei sterk blomstringstid i denne perioden, mest i Gudbrandsdalen.
 
Blant bøndene skjedde overgangen frå leiglending til sjølveigar i stor grad i første delen av 1700-talet. Dette gav grunnlag for ei sterk nybygging på gardane. Mange av dei meste kjente gardsanlegga, t.d. i Nord-Gudbrandsdalen og embetsgardane på flatbygdene, vart utforma i denne perioden. Storofsen i 1789 øydela mange hus, og førte også til mykje nybygging. I samband med nybygginga på gardane vart mykje av den beste folkekunsten skapt.
 
Setermiljøa i fjellet i Valdres og Gudbrandsdalen og åssetrene på Vest-Oppland vart også i stor grad utforma i siste delen av 1700-talet, og pregar sterkt kulturlandskapet i fjellet.
 
I samband med den store byggeperioden frå 1750 og utover, kom det inn to nye prinsipp i husbygginga. Folk tok i bruk skifer som taktekking, mest i Valdres og Gudbrandsdalen, og klebersteinspeisen kom inn som varmekjelde, etter at åren og røykomen tidlegare hadde vore dominerande. Dette fekk store følgjer både for arkitekturen og for kulturlandskapet.
 
Oppgangssaga kom i vanleg bruk i denne perioden og førte til betre utnytting av skogen. Den einaste saga i Oppland som står på opphavleg plass (men restaurert) er Rudisaga på Dovre.  
 
1800 - 1900-talet
 
1800-talet førte med seg modernisering og store omleggingar av samfunnet på mange område. Jordbruket var framleis den viktigaste næringa. Men den store folkeauken førte til ein kraftig ekspansjon med nyrydding og garddeling. Og husmannsvesenet hadde ein sterk auke i første halvdelen av hundreåret. Eit nytt bergverkstiltak vart sett i gang da nikkelverket i Espedalen vart opna rundt 1850.
 
Det viktigaste nye som skjedde innanfor næringslivet nå, var likevel etableringa av den moderne fabrikkproduksjonen. Mustad fabrikker starta opp, først med produksjon av spikar, seinare mange andre produkt. Mesna bruk vart ein viktig produsent av jordbruksmaskiner. Tremassefabrikkar vart etablerte, t.d. på Kistefoss og langs Hunnselva i Gjøvik. Det vart starta fleire veveri. Produksjon av ammunisjon kom i gang på Raufoss.
 
Kapp Melkefabrikk på Østre Toten. Foto: Dagfinn ClaudiusDenne tida vart det også sett i gang ein del jordbruksbasert industri. Kapp melkekfabrikker foredla mjølka frå Toten og andre delar av Vest-Oppland. Brenneri kom i gang fleire stader for å utnytte potetene, m.a. Holmen brenneri på Gjøvik og Hjells brenneri på Toten. Og det vart starta meieri og ysteri mange stader.
 
 
 
 
Som følgje av folkeauken og den industrielle produksjonen vart dei to byane i Oppland  begge grunnlagde i denne perioden, Lillehammer i 1827 og Gjøvik i 1860.
 
Ein viktig føresetnad for industrialisering og byvekst har vore god tilgang på energi. I så måte har Oppland store ressursar i vasskrafta, og vasskraftutbygginga kom tidleg i gang i fylket. Det finst fleire småkraftverk frå like etter hundreårsskifte som framleis eksisterer, spesielt i Valdres. Dei største utbyggingane har vore i Vinstra-vassdraget i Nord-Fron (rundt 1950) og i Aura-vassdraget i Lesja (frå 1940-åra). Den siste utbygginga var i Dokka-vassdraget, og førebuingane til utbygging av Øvre Otta i Skjåk skjer nå.
 
Lunde bru over Etna. Oppført 1820-årene. Vedtaksfredet. Inngår som del av den gamle kongevegen fra Christiania til Bergen. Foto: Vibeke Lia.Kommunikasjonane vart sterkt utbygde sist på 1800- og utover på 1900-talet. Rundt 1850 vart det bygd nye hovudvegar i store delar av fylket. Det vart bygd mange nye store bruer, som t.d. Lunde bru i Etnedal, brua over Ula i Sel, over Jora mellom Dovre og Lesja, Anfinnsbrua på Dovrefjell m.m. Det vart sett i gang dampskipsfart både på Mjøsa, Randsfjorden og seinare på Losna. Telegrafen vart utbygd. Frå 1890 og utover kom jernbanen, som betydde ein revolusjon både for kommunikasjonane og for samfunns-økonomien generelt. Gjennom Gudbrandsdalen vart Hamar-Sel-banen opna i 1894-96, Dovrebanen i 1913 og Raumabanen i 1923. På Vestoppland kom Røykenvikbanen i 1900, Gjøvikbanen og Skreiabanen i 1902, og Valdresbanen vart opna i 1906. Det var også planlagt ein jernbane mellom Lillehammer og Gjøvik, og ein sidebane til Gausdal, utan at desse vart realiserte. Med jernbanen kom tettstadene.
 
Som følgje av betre kommunikasjonar kom turisttrafikken i gang i fylket. Det vart bygd mange nye hotell, ofte prega av sveitser- og dragestilen som var moderne i samtida. Likeins kom fjellturismen i gang, og i Oppland finst fleire av dei eldste turiststasjonane som finst i fjellet i Norge, slik som Gjendebu, Memurubu, Juvasshytta, Bess-setra, Eidsbugarden i Jotunheimen, Høvringen og Per Gynt-hytta i Rondane og Reinheim på Dovrefjell.
 
I dette hundreåret, spesielt etter siste krigen, har masseturismen i sterk grad prega både næringslivet, kulturlandskapet og kulturen i Oppland. Det har vore ei stor utbygging av ymse slags turistanlegg, som hotell og fjellstuer, campingplassar m.m., og private hytter i fjellet.  Vegnettet har også til ein viss grad vore tilrettelagt for turisme.
 
I dei siste tiåra har fråflytting frå bygdene og omlegging av landbruket ført til endringar i kulturlandskapet, ei utvikling som på lengre sikt kan føre til store utfordringar for kulturminnevernet.
 
Skolevesenet vart også sterkt utbygd frå siste delen av 1800-talet. I 1860 kom lova om fastskolar som førte til at mange nye skolar vart bygde og som gjorde slutt på systemet med omgangsskole. I 1874 vart den nesteldste folkehøgskolen i landet, Vonheim, bygd i Gausdal. Seinare vart det folkehøgskolar på Hundorp, i Ringebu, i Valdres og på Hadeland. Det første gymnaset (eller ”høyere almenskole”) kom på Lillehammer i 1889, og det første landsgymnaset i fylket vart opna på Vinstra i 1946.
 
Det første sjukehuset i Oppland vart etablert på Toten midt på 1800-talet som sjukehus for ratesjuke (syfilis). Seinare vart dette flytta til Lillehammer. Med tuberkuloseepidemiane rundt 1900 vart det etablert mange sanatoria. Best kjent i kulturvernsamanheng er Kornhaug i Gausdal, som var bygd som privatbolig, men fungerte som sanatorium i lang tid. Huset er eit av dei sentrale monumenta i dragestil her i landet.    
 
Oppland står i den særstillinga at alle dei tre norske Nobél-prisvinnarane i litteratur har sterk tilknyting til fylket. Såleis er heimen til Bjørnstjerne Bjørnson (Aulestad) godt etablert som museum, heimen til Sigrid Undset (Bjerkebæk) i ferd med å bli det, og fødestaden til Knut Hamsun er museum. Det er også kulturhistoriske interesser knytt til andre diktarar og kunstnarar frå fylket, som t.d. til Tor Jonsson og Olav Aukrust frå Lom, Tore Ørjasæter frå Skjåk, Knut Hauge frå Vestre Slidre, Mikjel Fønhus frå Sør-Aurdal, huset som både Thorvald Erichsen, Lars Jordet og Ole Mæhle hadde i Lillehammer, Jorderike, og bruket til Jacob Weidemann, Ringsvea ved Lillehammer. Nemnast må også hytta til Vinje ved Eidsbugarden, Vinje-stoga. 
 
Samisk busetnad
 
Frå utgravinga av den samiske buplassen sumaren 2006 ved Kulturhistorisk museum. Foto: Irene Skauen SandoddenSumaren 2006 vart det påvist samiske busetnad ved Aursjøen i Lesja kommune (Dovrefjell), som den første kjende i Oppland. På buplassen er det mellom anna rekkeildsteder. Buplassen er enno ikkje datert, men antas å vere frå vikingtid - mellomalder. Like ved buplassen er det fangstanlegg for rein. Vi veit ikkje om dette vart nytta av samar eller av ei norrøn befolkning.
 
Frå før vei vi dei skriflege kjeldene at det må ha vore samar i fylket i jarnalder og mellomalder. Snorre skildrar møtet mellom sameprinsessa Snøfrid og Harald Hårfagre på kongsgarden Tofte i Dovre.  
 

Sist oppdatert: 26.10.2009

Publisert: 08.02.2008