Gå til søk Gå til sidens innhold Gå til kontaktinformasjon
UFT - Ungdommens fylkesting er et organ på fylkesnivå som har som mål å hjelpe ungdom, og fremme ungdommens saker.
UFTs visjon: Vi vil inkludere, engasjere og motivere ungdom i Oppland for å gjøre hverdagen deres bedre.
Leder for UFT er Morten Djupdal
10 ungdomar frå Oppland og ungdom frå Polen diskuterte klimaspørsmål med polske politikarar i Szczecin.
Ungdom frå Nasjonalparkriket Natur og Ungdom og Ungdomens fylkesting i Oppland var i Polen for å knytte kontakt med miljøengasjert ungdom i Polen, og diskutere korleis ungdom kan få innflytelse i klimadebatten. 10 norske og 13 polske ungdomar var innlosjert på Ostoja senter, eit forskningssenter for alternativ energi knytta til universitetsmiljøet i Polen.
Der vart det omvisning, forelesingar, diskusjonar og sosialt samver.
På programmet stod også utveksling av erfaringer fra eigne land om deltaking i klimadebatt, og utveksling av eksempel på vellykka klimaprosjekt i eigne land og i Europa ellers. Både den norske delegasjonen og den polske presenterte utvalde prosjekt.
Det vart arrangert diskusjonsmøte mellom ungdomen og politikarar, og mellom 10 og 20 lokale og sentrale polske politikarar møtte opp! Både norske og polske ungdomar vart intervjua av polsk radio og presse etter dette møtet.
Det vart også tid til sosiale aktivitetar og kulturutveksling. Det vart gjort iherdige forsøk på å lære gruppa reinlender, og å få dei sprekaste til å gjere hallingkast!
Vi fekk smake på polsk mat, vi fekk guida busstur og fottur i byen, og fekk utruleg mykje informasjon om polske forhold på svært stutt tid.
All kommunikasjon foregjekk på engelsk, og etter 3 dagar vart det naturleg for alle å gjere notat og skrive rapport på engelsk. Dette vart effektiv språklæring!
Ungdom frå Norge og Polen møttest første gang på Klimacamp2009 i Jotunheimen i august i fjor som start på det EU-støtta prosjektet Aktiv Ungdom – Demokratiprosjektet. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Fjellmuseum, Nasjonalparkriket Natur og ungdom, Ungdomens fylkesting Oppland fylkeskommune, Secretariat for Youth Affairs of Western Pomerania -Poland, The Youth Council of Western Pomerania, Poland
Formålet med dette prosjektet er å arbeide for at ungdom skal ta aktiv del i debatten rundt klimaspørsmål, fremme gjensidig forståelse blant ungdom fra forskjellige land, bidra til kompetansebygging innan miljø og klima blant ungdom, knytte internasjonale nettverk og gje innspel til utviklinga av Klimapark2469.
Demokratiprosjektet vil bruke Klimapark2469 som tema og base for å skape ein møteplass for ungdom frå Norge og Polen der dei kan delta i forskningsarbeid, diskutere klimautfordringer, diskutere korleis ungdom kan påvirke, og møte beslutningstakarar.
Møtet i Szczecin gav mange innspel til program og aktivitetar til Klimacamp2010 som skal arrangerast på Raubergstulen i Jotunheimen.
Magni Hilde, prosjektleder
Sist oppdatert: 07.04.2010
Publisert: 26.03.2010